9. oktober 2005

Mitt liv som tenåring

Eg likar å lage lister. Her om dagen kom eg til å tenkje på at det er ti år sidan eg vart tenåring.

Det er litt rart å vere så gamal at eg synest ti år ikkje er lenge sidan lenger. Da eg var yngre, var ti år ufatteleg lenge. Samtidig er eg enda så ung at eg var radikalt annleis for ti år sidan. Her i Volda har eg dessverre ikkje noko bilde av meg sjølv som trettenåring. Men eg såg ut omtrent som no, berre mykje yngre.

Da eg var 13 år:

- fekk eg mitt første kyss
- min første kjærast
- og mi første kjærleikssorg
- skreiv eg mange dikt som stort sett handla om dei tre første punkta
- innsåg eg at storebror min ikkje berre var ein krangleven, men også ein person eg kunne snakke med. det fann eg ut fordi han var i militæret og plutseleg ikkje heime lenger.
- gjekk eg i klasse med fire gutar. berre desse fire. det var litt stressande fordi dei såg på meg som jentelus, og eg såg på dei som barn. men mest var det hyggeleg og lærerikt, sidan det var siste året eg gjekk i ein slik liten klasse
- gjekk i sko med tre tommars traktorskohælar som eg tykte var frykteleg kule fordi eg vart like høg som dei andre gutane i klassen.
- elles gjekk eg i miniskjørt og knestrømper. det var siste skrik på skoledisko.
- tok eg opp ”The Conelles: 74- 75” og Fools Gardens’ Lemon Tree på opptakskassett frå radioprogrammet ”Albin”.
- likte eg å skrive stil. til dømes om framtidsplanane mine.
- sat eg oppe til 03.00 om natta for 100 kroner, gjerne mange gongar i månaden. å vere barnevakt var stort sett den jobben ein kunne tene pengar på som 13-åring i todalen.
- brukte eg uhorveleg mykje tid på skuledagboka mi. gjerne heile kveldar der eg fylte ut sidene for ”månedens oppsummering”. i oktober 1995 var ”forrest gump” månadens film. eg trur eg hadde skuledagboka ”oh boy”. eg synest det var litt kult, for før det hadde eg hatt ”mine dyrevenner”, ”pusur” og ”midt i smørøyet”, i den rekkjefølgja.
- spelte eg handball. og var framleis så naiv at eg trudde eg kunne bli god.
- trudde eg nok 23 år var ein vaksen alder.

Når eg er 23:
- ser eg at eg eigentleg ikkje er så mykje meir vaksen enn eg var som 13-åring. eg kjøper framleis sko fordi eg trur dei er kule, men dei verkar sikkert veldig stygge og tåpelege om ti år. eg ser nok framleis på jamaldrande gutar som barn av og til. eg synest det er moro å skrive stil no òg, forskjellen er berre at eg kallar dei noveller. eg skriv framleis dikt også. å laste ned songar frå nettet og brenne dei ut på cd er omtrent som å ta opp på kassett. eg jobbar framleis for luseløn. eg sportar på tredjemølla. men trur ikkje lenger at eg kan bli god til det. Og til sist: bloggen min er eigentleg berre ei forlenging av skuledagboka.

2 kommentarer:

Thomas sa...

Og sirkelen er sluttet.

(Hilsen en av de barnslige)

Stian Hopmark sa...

Ahhh! Albin het programmet, ja! Oh man, hvor jeg har hatt søvnløse netter over å ikke finne ut hva det programmet het. Takk takk. Det var så mye