
Eg har fått mange spørsmål i samband med namnet på bloggen min. For å klare opp i det: bloggen NA Åse Toril”, betyr rett og slett ”bloggen hennar Åse Toril”, eller ”Åse Torils blogg”, for dei som likar det slik. Na er dermed ei dialektkortform for ”henna” (hennes).
De som har vore ekstra observante når de har lese dei tre første linjene, legg kanskje merke til at eg har skrive på nynorsk. Nynorsk er hovudmålet mitt, og eg skreiv det i alle dei tolv åra eg gjekk på skulen. Eg synest det er mest naturleg å skrive slik eg snakkar, og da ligg nynorsk nærast. Derfor brukar eg nynorsk både når eg skriv notatar frå førelesingar, til formelle og uformelle brev, til handlelister og når eg skriv i Næravisa, Driva, eller andre aviser der eg kan bruke nynorsk. Eg er ingen nynorskfanatikar, og har ingen intensjon om at flest muleg bokmålsbrukarar skal gå over til å skrive nynorsk. Derfor har eg heller ikkje meld meg inn i verken Målungdommen eller Noregs Mållag. Likevel synest eg det er synd at ikkje fleire som talar breie og rare dialekter som eg ikkje ser at det ofte er lettare å formulere seg på eit skriftspråk som ligg tettare opp mot talemålet deira. Argumentet om at nynorsk er ”vanskeleg” trur eg rett og slett ligg i at dei ikkje har lese nok nynorsk. Ein ting er å pugge nynorske verbformer i eit nitrist A4-klasserom. Ein annan ting er å sjå nynorsken bli bruka i litteratur og aviser. Det siste vil eg bidra til så langt det let seg gjere.
De som les dette spør dykk kanskje om kvifor eg skriv alle innlegga på bloggen min på bokmål. Eg har ikkje noko eintydig svar på det. Kanskje kjem det seg av at eg lenge var konsekvent tospråkleg. Mor mi kjem frå Drøbak, og eg snakka austlending med henne og alle andre austlendingar (sjølv om dei hadde budd i Todalen i 20 år) fram til eg vart tenåring. Likeeins leika eg på ”bokmål”, og når eg skulle tenkje over ting, tenkte eg gjerne på austlending. Det gjer eg delvis enda, og derfor har eg i alle år til dømes skrive dagboka mi og små tankeskribleri på bokmål. Ein blogg blir på mange måtar ei forlenging av dagbokforma, og derfor skriv eg oftast på bokmål i bloggen.
No er eg altså komen heim på ferie. Blir her i tre dagar før eg dreg vidare til Kypros der Silje, Astrid og eg har kjøpt restplassbillettar. Etter to interrailar og fleire bussturar gjennom Balitkum, Russland og Kviterussland, er eg ikkje akkurat storfan av pakketurar til Syden. Likevel ser eg poenget med sol og varme når dette er den einaste felles ferieveka vår, og det i skrivande augeblink er fire varmegrader og det haglar utanfor vindauget her eg sit.
I juli er eg tilbake i Todalen, og da blir det døgnet rundt-jobbing med avisfrilansing og arbeid som heimehjelp. Og når ein er heime, er det moro at alle skjønar dei rare dialektorda mine. Eg er stolt av dialekta mi, og prøvar å halde på henne så godt eg kan. Likevel er det til å stikke under ein gyngestol at eg ufrivillig knotar litt og held meg unna dei ”verste” dialektorda når eg ikkje bur heime. Det er litt slitsomt å måtte forklare annakvart ord for folk som ikkje er heilt invidde i nordmørsdialekta sine kuriositetar.
I farta har eg skrive ned ei lita liste med slike ord. Denne lista er på ingen måte fullstendig. Mange ord manglar sikkert, og eg har unngått kuriositetar som ”åfyllfat” og ”boinning”, som er dialektord, men som ikkje er ord eg brukar til vanleg. Orda som følgjer, kan eg derimot med handa på venstre hjertekammer kan seie høyrer med i daglegspråket mitt.
Hald tunga rett i munnen og gjer dykk klar for ei lita innføring i todalsdialekta mi! :)
aillvæg - alltid
ainnsles – annleis (annerledes)
attafær – bakanfor
bakels – vaflar
brok/brokja/brøkern – bukse/buksa/buksene
bok/bokja/bøkern – bok/boka/bøkene
breinnhuttu – brennesle
dråk/dråkja/drekern – jente/jenta/jentene
fatta ti – det ”fattati” = ”det begynner å ta fyr/brenne”
farrang - omgangssjuke
glas – vindauge
goillbåst - løvetann
græt – grøt (smærgræt – smørgrøt)
gæille - veldig
gångsperrr – når ein er stiv og støl etter å ha trena, har ein gångspærr
kak – brød
kakskiv – brødskive
kopptu’ - oppvaskklut
kjøle – veldig (e bruka ta her orde kjøle mykkju)
klopp – lita trapp eller bru, helst utandørs
klæn – sjuk/dårleg (som i ”e e klæn og he feber”, eller ”osten smaka klænt”).
lainnvinnj - sønnavind
lappe – frosk
lappspy - froskeegg
lortåt – skitten
lortåtkle - skittentøy
lyt – må (som e ”e lyt farra hæm” – eg må gå heim)
nattsjengel – flaggermus
poinn – under
prek/tailla - snakke
skjidår’ – skiløype
småbrød – småkaker
sækstå, sykkjå, akjå, nikkjå – seksten, sytten, atten, nitten
tykkje - synest, meine
For meir om dialekt, sjå også denne artikkelen i Dagbladet.
Ha æn rættele trivelinj dag – ikkje farra nålles’n! :)