6. juni 2005

Om nynorsk å dialækt å slik



Eg har fått mange spørsmål i samband med namnet på bloggen min. For å klare opp i det: bloggen NA Åse Toril”, betyr rett og slett ”bloggen hennar Åse Toril”, eller ”Åse Torils blogg”, for dei som likar det slik. Na er dermed ei dialektkortform for ”henna” (hennes).

De som har vore ekstra observante når de har lese dei tre første linjene, legg kanskje merke til at eg har skrive på nynorsk. Nynorsk er hovudmålet mitt, og eg skreiv det i alle dei tolv åra eg gjekk på skulen. Eg synest det er mest naturleg å skrive slik eg snakkar, og da ligg nynorsk nærast. Derfor brukar eg nynorsk både når eg skriv notatar frå førelesingar, til formelle og uformelle brev, til handlelister og når eg skriv i Næravisa, Driva, eller andre aviser der eg kan bruke nynorsk. Eg er ingen nynorskfanatikar, og har ingen intensjon om at flest muleg bokmålsbrukarar skal gå over til å skrive nynorsk. Derfor har eg heller ikkje meld meg inn i verken Målungdommen eller Noregs Mållag. Likevel synest eg det er synd at ikkje fleire som talar breie og rare dialekter som eg ikkje ser at det ofte er lettare å formulere seg på eit skriftspråk som ligg tettare opp mot talemålet deira. Argumentet om at nynorsk er ”vanskeleg” trur eg rett og slett ligg i at dei ikkje har lese nok nynorsk. Ein ting er å pugge nynorske verbformer i eit nitrist A4-klasserom. Ein annan ting er å sjå nynorsken bli bruka i litteratur og aviser. Det siste vil eg bidra til så langt det let seg gjere.

De som les dette spør dykk kanskje om kvifor eg skriv alle innlegga på bloggen min på bokmål. Eg har ikkje noko eintydig svar på det. Kanskje kjem det seg av at eg lenge var konsekvent tospråkleg. Mor mi kjem frå Drøbak, og eg snakka austlending med henne og alle andre austlendingar (sjølv om dei hadde budd i Todalen i 20 år) fram til eg vart tenåring. Likeeins leika eg på ”bokmål”, og når eg skulle tenkje over ting, tenkte eg gjerne på austlending. Det gjer eg delvis enda, og derfor har eg i alle år til dømes skrive dagboka mi og små tankeskribleri på bokmål. Ein blogg blir på mange måtar ei forlenging av dagbokforma, og derfor skriv eg oftast på bokmål i bloggen.

No er eg altså komen heim på ferie. Blir her i tre dagar før eg dreg vidare til Kypros der Silje, Astrid og eg har kjøpt restplassbillettar. Etter to interrailar og fleire bussturar gjennom Balitkum, Russland og Kviterussland, er eg ikkje akkurat storfan av pakketurar til Syden. Likevel ser eg poenget med sol og varme når dette er den einaste felles ferieveka vår, og det i skrivande augeblink er fire varmegrader og det haglar utanfor vindauget her eg sit.

I juli er eg tilbake i Todalen, og da blir det døgnet rundt-jobbing med avisfrilansing og arbeid som heimehjelp. Og når ein er heime, er det moro at alle skjønar dei rare dialektorda mine. Eg er stolt av dialekta mi, og prøvar å halde på henne så godt eg kan. Likevel er det til å stikke under ein gyngestol at eg ufrivillig knotar litt og held meg unna dei ”verste” dialektorda når eg ikkje bur heime. Det er litt slitsomt å måtte forklare annakvart ord for folk som ikkje er heilt invidde i nordmørsdialekta sine kuriositetar.

I farta har eg skrive ned ei lita liste med slike ord. Denne lista er på ingen måte fullstendig. Mange ord manglar sikkert, og eg har unngått kuriositetar som ”åfyllfat” og ”boinning”, som er dialektord, men som ikkje er ord eg brukar til vanleg. Orda som følgjer, kan eg derimot med handa på venstre hjertekammer kan seie høyrer med i daglegspråket mitt.

Hald tunga rett i munnen og gjer dykk klar for ei lita innføring i todalsdialekta mi! :)

aillvæg - alltid
ainnsles – annleis (annerledes)
attafær – bakanfor
bakels – vaflar
brok/brokja/brøkern – bukse/buksa/buksene
bok/bokja/bøkern – bok/boka/bøkene
breinnhuttu – brennesle
dråk/dråkja/drekern – jente/jenta/jentene
fatta ti – det ”fattati” = ”det begynner å ta fyr/brenne”
farrang - omgangssjuke
glas – vindauge
goillbåst - løvetann
græt – grøt (smærgræt – smørgrøt)
gæille - veldig
gångsperrr – når ein er stiv og støl etter å ha trena, har ein gångspærr
kak – brød
kakskiv – brødskive
kopptu’ - oppvaskklut
kjøle – veldig (e bruka ta her orde kjøle mykkju)
klopp – lita trapp eller bru, helst utandørs
klæn – sjuk/dårleg (som i ”e e klæn og he feber”, eller ”osten smaka klænt”).
lainnvinnj - sønnavind
lappe – frosk
lappspy - froskeegg
lortåt – skitten
lortåtkle - skittentøy
lyt – må (som e ”e lyt farra hæm” – eg må gå heim)
nattsjengel – flaggermus
poinn – under
prek/tailla - snakke
skjidår’ – skiløype
småbrød – småkaker
sækstå, sykkjå, akjå, nikkjå – seksten, sytten, atten, nitten
tykkje - synest, meine

For meir om dialekt, sjå også denne artikkelen i Dagbladet.

Ha æn rættele trivelinj dag – ikkje farra nålles’n! :)

10 kommentarer:

Geir sa...

Flott med dialekt! Hold på den!

Moro at du skal til Hviterussland, det er et trivelig land! Merkelig, men trivelig land.

Happy Sommer!

Åse Toril sa...

Neida, jeg skal ikke til Hviterussland, men jeg var der tre uker da jeg gikk på folkehøyskolen. Var en uke alene hos vertsfamilie i Svetlogorsk (grensen til Ukraina), og oppholdt meg i Minsk resten av tiden. Mener å huske fra en eller annen fylleprat på kurs i Ålesund at du hadde vært i Belarus også?

Happy Sommer, ja! :D

Heidi sa...

Mektig imponert over lengden på dette nynorsk-/dialektinnlegget.

Dialekt = identitet, og må difor takast vare på, men det er ikkje naudsynt å gjera seg vanskeleg av den grunn. Må difor med mange nikk og mhm'ar sei meg einig i det meste her, særskild sånn i forhold til at heller ikkje eg ser poenget i nynorsk-misjonering, og at det er heilt greitt å tilpassa språket etter kven ein pratar med. Eg vil faktisk sei ein er vrang og vanskeleg om ein ikkje gjer det.

Takk for at du skreiv det eg tenker!

Thomas sa...

Gæille bra skrevet... :)

Åse Toril sa...

Takk Heidi: Skulle vel strengd tatt heller ha skrive eitt innlegg om dialekt, eit anna om nynorsk, og droppa alt utanomsnakk. Men det er tingen med bloggar igjen; det blir oftast eit munnleg språk, som når ein fortel noko. Og min måte å fortelje på, er ofte mange digresjonar og sidesprang før eg dreier tilbake på hovudpoenget igjen :)

Thomas: Takk. Kjøle artig at de kommentere bloggen min :)

Yngvason sa...

Når du først vil bidra til å spreie nynorsk "så langt det let seg gjere", kan du ta deg sjølv i nakken og skrive nynorsk til vanleg i vevspalta di òg. Men som Heidi påpeikar: Du set ord på det ganske mange nynorskingar tenkjer. Eit bra bidrag til forståing på tvers av mål-barrikadane, som diverre ikkje er det dei eingong var.

Yngvason sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Hei, Margot! Fole løye å lese om det fascinerande, forunderlige "språket" ditt, vekke gamle minne om den tid ej daglig fikk mi dose av det! Huska då Peter såg en lapp frå dej på lesesalspulten min, kunne like godt ha våre arabisk for hass del.."Om du ska tailla gæille leinnje...osv" va litt i overkant av ka du kan forvente en stakkars asfaltgutt frå Sandefjord skal kunne forstå..
Lenge leve landsbygdene våre!

Anonym sa...

arstan - ein annan stad
aksla/akslinnj - skulderen/skuldrene
drygt - slitsamt
fjillj - fjell (dat. fjillja - fjellet)
grom/gromt - klemmegod, jf. sv.kramgod
hainnjbauainnj - albuen
innkvain - ein eller annan
innkvarstan, innkvarstass (gen.) - ein eller annan stad
innkvart - eit eller anna
nii - nedi, nede i
nårstans (gen.) - ein eller annan stad
klar - sliten
likar/likast - betre/best
rauyjja - rydde
saug på fotå - klam på føtene
stainn - stå (intr.)
stat - stå (tr.)
trele - traurig
ænstans (gen.) - ein eller annan stad enda lenger vekk
åkla - ankelen

Åse Toril sa...

Olav: du har definitivt eit poeng. Men denne gong prøva eg berre å gje ikkje-nynorskfanatikarane ei stemme, og vise at ein ikkje treng vere jernhard konsekvent brukar sjølv om ein likar nynorsk.

Astrid: Agnes! Om to daga ska du få dosa di med todalsdialekt igjen, og eg gler meg til å høyre den vakre sunnmørsdialekta di! Ser deg på Gardermoen!

Brorsan: Hæhæh...:D Takk for utfyllande liste. Visste du/hugsar du at todalingane sa "stainn" medan surnadalingane sa "stat" om å stå? Eg trur vi har vorte litt for farga etter at vi begynte på ungdomsskulen.. Kan opplyse om at far akkurat sa "her må någet gjøres. E lyt RAUYJJA (RÆIA) kjøkene!" Ser deg i Oslo :)