16. november 2005

Eit rop om hjelp?

For tida har eg ein kjæreste som er i Europa på tur, og ei semesteroppgåve som inneber eit svært asosialt liv inne på hybelen. Eg har derfor ingen å seie "god morgen" til når eg vaknar, og naturleg nok er det heller ingen som ønsker meg det.

For å bøte litt på kjipe morgonar, steiker eg rundstykke til frukost. Og dette (bildet) møtte meg da eg dukka eit trøtt hovud inn i ein kald frysar i dag tidleg.




"God morgen te dåkkår å, roinnstykkja min", høyrde eg ei stemme sa, før eg sekundet etterpå innsåg at det var mi.

Kan nokon skaffe meg eit LIV snart?

4 kommentarer:

Hilma sa...

God morgen, Åse Torill! Dette blir en produktiv mev3-dag og du vil finne mye nyttig pionérstoff!
(Se på denne i morgen tidlig du!)

Yngvason sa...

Bli ferdig med oppgåva da din tulling. Da får du att livet ditt. Lett.

Unknown sa...

Den posen må være laget for sånne som oss, sånne folk den faktisk virker på og som hilser tilbake :D

Anonym sa...

Ett stykk liv sendt med postordre fra Praha...